spynorsk-mordliste.jpg

Spynorsk mordliste

Lenge har jeg levd med en mørk hemmelighet, en hemmelighet som ikke tåler dagens lys i vår bransje. Den har gnaget meg i en årrekke, men nå er det på tide at jeg bekjenner mine synder.

Jeg var blant dem som tusjet på fremsiden av sidemålsordboken, slik at tittelen ble Spynorsk mordliste. Vi lo rått, dels av nynorsken, dels av selvtilfredshet over vår utmerkete sans for humor, og vi anså sidemålsundervisningens nytteverdi for å være omtrent på nivå med danseundervisningen i gymtimene. Skulle vi liksom noen gang komme til å få bruk for å kunne danse?

Særlig.

Dessuten visste vi jo at alle de fine jentene likte bad boys, og du blir ikke særlig mye «badere» enn når du gjør hærverk på kommunal eiendom.

Are Kalvø redda meg

Etter kvart som eg blei eldre, måtte eg – noko motvillig – innrømme at nynorsk faktisk hadde noko føre seg.

Han som fekk meg ut av skapet, var Are Kalvø. Are er ein av dei morosamaste nordmennene eg veit om, men eg er heilt sikker på at eg ikkje hadde synst det om han hadde snakka bokmål. Bibelen 2 på bokmål?

Særleg.

Are Kalvø opna også auga mine for det vakre i nynorsken. Alt blir på ein måte vakrare av nynorsk, reinare om du vil, som om språket framleis ber ved seg ei uskuld. Det var som om det kvilte poesi i kvart eit ord, i kvar ein liten bokstav.

Det gjekk etter kvart opp for meg at eg ikkje berre likte nynorsken, eg brydde meg om han. Eg kunne ta meg sjølv i å tenkje på han i seine nattetimar. Kor hundsa han vart av bokmålsfolket. Kor liten plass han fekk i media. Kor mobba han vart av ungdommen.

Og eg tenkte tilbake på mi eiga svarte fortid og bestemte meg for å gjere noko. Som Ivar Aasen ville sagt det: It was payback time.

Be om tilgiving

Eg starta Totaltekst og kamuflerte det som eit omsetjings- og tekstbyrå. Busett i Bærum som eg er, ville eg unngå fliren frå nouveau-riksmålsfolk som kappa om kven som kunne snakke mest nasalt. Men sanninga var at eg starta Totaltekst med det hemmelege føremålet å sikre at alle som ville, skulle kunne få nynorsk tekst, korrekt og levert etter avtale.

Eg allierte meg difor med nokre av dei beste nynorskomsetjarane i kongeriket og har sidan vore med på å sikre at statlege dokument oppfyller krava i mållova. Statsbudsjett, skjema og føresegner er alle faste gjestar hos oss og kjem tilbake til opphavet korrekt omsette til nydeleg nynorsk. Etter kvart har også fleire bedrifter og organisasjonar byrja å sende bokmålstekstane sine til Totaltekst for å få dei tilbake i nynorsk drakt, og fleire kjem heile tida til. Så om du jobbar i staten eller i ei større norsk bedrift og har noko med kommunikasjon å gjere, er sjansen faktisk stor for at du alt har høyrt om Totaltekst.

Og skulle du vere ein av dei tøffe kameratane mine frå ungdomstida som mora seg med å skrive spynorsk mordliste på kommunal eigedom, håpar eg at historia mi kan inspirere deg til å tilstå syndene dine. For tilgivinga finst. Du må berre opne hjartet ditt.

Ein god stad å byrje er Bibelen. Bibelen 2.

PS! Kameratane mine og eg var ikkje dei einaste tullingane på den tida. Fenomenet spynorsk mordliste er faktisk så kjent at den engelske versjonen av Wikipedia har ein eigen artikkel om det.