Omsetjing til nynorsk utført av omsetjarar Språkrådet går god for

Idiomatiske nynorsktekstar

Vi har hjelpt norske kundar med å omsetje mellom bokmål og nynorsk i ei årrekkje. Ved å bruke oss kan du vere trygg på at nynorskbrukarar vil oppfatte tekstane dine som profesjonelle og korrekte.

Å byte ut ord for ord er ikkje nok for å få ein bokmålstekst til å bli ein god tekst på nynorsk. Setningsstrukturen er annleis på nynorsk, og ofte må vi gå ganske drastisk til verks for å skape ein idiomatisk nynorsktekst med god flyt.

Språkrådet går god for oss

Alle nynorsk-omsetjarane til Totaltekst har greidd Språkrådets kompetanseprøve i nynorsk. Dette er ei svært krevjande prøve der rundt 80 prosent av kandidatane stryk. Dette seier Språkrådet om dei som har greidd prøva:

Dei konsulentane som har greidd nynorskprøva, er svært gode korrekturlesarar, språkvaskarar og omsetjarar frå bokmål til nynorsk, og Språkrådet kan gå god for dei utan atterhald.

Slik gjer vi det

1 Opplasting av filer

Når du blir kunde, får du tilgang til kundeportalen vår, der du lastar opp filene på ein rask og sikker måte.

2 Omsetjing

Vi bruker inga form for maskinomsetjing. Teksten blir omsett av ein omsetjar som har greidd Språkrådets kompetanseprøve i nynorsk. Vi bruker teknologi som tek vare på omsetjingane for kvar kunde, slik at ordval og terminologi blir konsekvent.

3 Korrektur

Vi sjekkar omsetjinga opp mot originalen for å sikre at alt er blitt omsett korrekt, og at ingenting er utelate.

4 Kvalitetssikring

Vi tek ein siste kvalitetskontroll av det ferdige dokumentet for å sjekke at formatering og anna er likt som i originalen.

5 Levering

Du får ei e-postmelding om at dei omsette dokumenta, med same formateringa som originalane, ligg klare til nedlasting i kundeportalen.

Få eit tilbod

Vil du ha eit pristilbod?

Innanfor normal kontortid svarer vi som regel på alle førespurnader innan ein time.

Klikk her for å få eit tilbod

Spørsmål?

Ring oss på 21 39 69 30
eller send ein e-post til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Referansar

Her er nokre utvalde jobbar vi har gjort for andre nøgde kundar.

Kunnskapsdepartementet

Lovproposisjoner

Les mer

Sivilombudsmannen

Rammeavtale

Les mer

Riksadvokaten

Rundskriv og nettsider

Les mer

Digital Etikett

Nettsider

Les mer

Statens sivilrettsforvaltning

Nettsider og skjemaer

Les mer

Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Regjeringsdokument

Les mer

Copyright © Totaltekst AS
Org.nr. 916 885 903

Abonner på nyhetsbrev

Totaltekst

Kontakt

Tlf. (+47) 21 39 69 30
E-post: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.