Orsak og verking – to fallgruver når du skriv nynorsk

Nynorsk er ikkje så vanskeleg, det er faktisk ganske einskilt. Vil du bli flinkare i nynorsk? Her er to fallgruver du må vera obs på når du skal lære deg nynorsk.

Ord som liknar bokmålsord

Når vi les, plukkar vi både bevisst og ubevisst med oss ord, og når vi så sjølv skal skrive, renn dei oss i hug. Da må vi passe på å bruke dei riktig. Du har kanskje fått med deg nynorskorda «orsak» og «båe», som liknar på bokmålsorda «årsak» og «både». Desse bruker mange feil, for «orsak» betyr «unnskyldning», og «båe» betyr «begge». «Menneskeleg svikt var orsak til båe ulykka og den mislykka redningsaksjonen» blir altså heilt feil.

I tillegg må vi vera obs på at mange ord blir skrivne likt, men betyr heilt forskjellige ting – dei er homografe, som det heiter på fagspråket, men langt ifrå synonyme. I staden for «enkel» kan ein bruke «einskild» på nynorsk: «einskildperson», «einskildvedtak», men ikkje i betydninga «lett», da heiter det «enkel» på nynorsk òg. Eit anna døme er «kull», som på nynorsk heiter «kol». Men det gjeld ikkje i alle betydningar: Også nynorske hundar får kull med kvalpar.

Nynorskbrukarar har handlekorger, ikkje handlekurver, men nynorske detektivromanar har likevel spenningskurver, ikkje spenningskorger. Eit anna og litt sjeldnare døme er «kvervel» og «virvel». Nynorske trommeslagarar kan slå ein trommekvervel, men dei har likefullt ryggvirvlar.

Overnynorskifiseringar

Ei anna fallgruve er å gjera orda litt meir nynorskaktige enn dei treng vere. Som regel er det lett å tenke seg til kva eit bokmålsord heiter på nynorsk: «Sykehus» er «sjukehus», «rødmaling» er «raudmåling». Men det kan bli for mykje av det gode, sjølv av nynorsk. Der «fisker», «arbeider» og «politiker» alle har tilsvarande nynorskord som endar på «-ar», gjeld ikkje dette ord som «ullgenser», «kalender» eller «psykiater». Engelske lånord som «gangster», «container», «hipster» og «gother» skal heller ikkje heite «gangstar», «containar», «hipstar» og «gothar» på nynorsk.

Eit anna overnynorskifisert ord er «verking», som ei omsetting av «virkning» på bokmål. Vi veit at «virke» heiter «verke» på nynorsk, og at mange verbalsubstantiv som på bokmål sluttar på «-ning», sluttar på «-ing» på nynorsk. Slik blir «virkning» fort til «verking». «Verking» er rett nok eit nynorskord, men det betyr «noko som gjer vondt» (altså verker). Ordet vi leitar etter, er «verknad». Eit vedtak kan ha ulike verknader – og verking kan kanskje vera ein av dei.

Eit elska og hata trekk ved både bokmål og nynorsk er den store valfridommen i korleis vi skriv ord. Men visste du at sjølv skrivefeil har sideformer? Ordet «portefølje» blir av og til feilstava «portefølgje». På nynorsk kan vi velja mellom både «følge», «følgje» og «fylgje», og da er vegen kort til feilstavinga «portefylgje» om det går litt fort i svingane.