Slik bruker du (ikkje) semikolon

Dei fleste skribentar går på eit eller anna tidspunkt gjennom ein semikolonfase. Det er heilt normalt og går som oftast over av seg sjølv. Står du fast eller er usikker, kan du finne hjelp i desse korte råda om semikolonbruk.

Kva semikolon eigentleg er

Semikolonfeil skil seg frå for eksempel kommafeil. Mange skribentar krydrar tekstane med komma på stader der dei ikkje skulle vore, men set ikkje komma der dei etter reglane skal. Dei fleste semikolonfeil gjer folk derimot når dei bruker semikolon i staden for eit anna teikn. Ofte snik semikolonet seg inn der folk skulle brukt kolon. Moglegvis er namnet på teiknet ei kjelde til feilbruken, for semikolon har ingenting med kolon å gjera anna enn at dei liknar av utsjånad.

Ein god stad å begynne når du skal lære deg å bruke semikolon, er å sjå på kva semikolon eigentleg er. Det er eit punktum oppå eit komma. Semikolon blir såleis ein mellomting mellom punktum og komma – ein pause mellom to setningar, som er litt mjukare enn eit punktum, men litt hardare enn eit komma. Nøkkelordet her er setningar. På kvar side av semikolonet skal det stå ei heilsetning som like gjerne kunne ha stått aleine. (Tips: Ei heilsetning inneheld eit subjekt og eit verbal.) Semikolonet framhevar at setningane heng nært saman. Setninga etter semikolonet skal ha liten bokstav:

Møbelsnikkaren saumfór forgjeves verktøykassa etter unbrakonøkkelen; den låg att i vitrineskapet han monterte i går.

Semikolon kan òg brukast som skiljeteikn i opprekningar, for eksempel mellom tal som inneheld desimalar (23,3; 23,4; 23,5), og mellom ledd med fleire ord (Bjørnar Øverland, dagleg leiar; Vegard Storsul Opdahl, semikolonskribent og språkkonsulent; Ellen Jahren, språkrådgivar).

Kva semikolon ikkje er

I floraen av skiljeteikn kan semikolon kallast ein orkidé; det ser innmari stilig ut, men er lett å behandle feil. Det er lett å forstå at skribentar får lyst til å bruke semikolon. Men hadde dei brukt eit anna fancy ord eller uttrykk utan først å forsikre seg om at dei bruker det korrekt? Forhåpentlegvis ikkje! Semikolon set mange derimot etter magefølelsen.

Følelsar er i sving når vi skriv, òg når vi skriv teikn. Å bruke semikolon for å laga smidige og elegante overgangar freistar kanskje meir enn å bruke eit hardt og tørt kolon? Dette kan forklare korfor det er nettopp bruksområdet for kolon semikolonet trenger seg inn på. Men om du skal presentere noko – for eksempel ei utsegn eller ein konklusjon – forklare noko eller gi eksempel, bør du velja kolon.

Ville du vore freista til å bruke semikolon i desse eksempla?

Det var tre ting som opptok han meir enn noko anna: fagbevegelsen, fagbevegelsen, fagbevegelsen.

Idet ytterdøra smekka att bak han, slo det han kva han hadde gløymt: nøklane.

Bruker du for eksempel «nemleg», skal du derimot bruke komma:

Tryllekunstnaren hadde ei aldri så lita overrasking i hatten, nemleg ein kritkvit kanin.

Ein hugseregel

Det finst heldigvis òg praktfulle eksempel på korrekt og god bruk av semikolon. Har du framleis ikkje heilt fått grep om korleis du bruker teiknet, kan du slå deg til ro med denne korte oppsummeringa frå Korrekturavdelingen:

Hvis du ikke vet hvordan du bruker dette tegnet, kan du like godt la være å bruke det; det er aldri obligatorisk.