Nynorsk naudhjelp for statstilsette

For tilsette i forvaltninga kan det vera utfordrande å få fagspråket heilt på plass, og mange blir nok litt sveitte når dei i tillegg skal skrive nynorsk. For kva heiter «anmodningsvedtak», «egnethetsvurdering» eller «kjennelse» på nynorsk?

Med tanke på historia vår er det ikkje så snodig at mykje av forvaltningsspråket på bokmål stammar frå dansk og tysk. På nynorsk bruker vi derimot langt fleire arveord, så vi må ofte skrive om mykje når vi set om til nynorsk. Det finst ikkje så reint lite forvaltningsterminologi heller – her er det paragrafar og regelverk å følge, ulike former for vedtak og sanksjonar og ein heil masse ting å ha namn på.

Internt i etaten, departementet eller byrået utviklar det seg gjerne ein slags internsjargong (ofte kalla stammespråk), som ikkje nødvendigvis er særleg begripeleg for utanforståande, og da kan det gå litt i ball når Morten på HR skal kommunisere med omverda og ikkje med Mathilde i utgreiingsseksjonen. For å gjera dagen til Morten enda betre legg avdelingsleiaren til: «… og forresten, fint om du kan skrive det på nynorsk. God helg!»

Ikkje få panikk!

Både for dei som alltid skriv nynorsk, og for dei som av og til må det, finst det gode hjelpemiddel som er veldig greie å kjenne til.

Mykje hjelp er det sjølvsagt å finne på nettsidane til Språkrådet. Der finn du gode råd om ordval og setningsbygging, vanlege feil og fallgruver og nyttig informasjon om forskjellane mellom bokmål og nynorsk. Til stor hjelp er for eksempel lista over nynorske namn på statsorgan.

For deg som treng hjelp og rettleiing til å bli ein dyktig nynorskbrukar i det offentlege, er dette ein fin stad å starte. Det tar litt tid og krev litt innsats, men det er gøy – og du kan bli helten på kontoret og hjelpe etaten med å følge mållova. Dessutan vil du truleg oppdaga at det nynorske forvaltningsspråket er litt mindre stivt og byråkratisk, og at syntaksen er meir lett og ledig, nesten litt trivelegare. Og sjølv om mange med gru minnest den bitre målstriden, er det no for tida heller slik at folk synest det er kjekt med litt meir nynorsk i kvardagen.

«Ok, det er kjekt på sikt, men eg treng hjelp no!»

Står du fast akkurat no og treng hjelp på augeblikket? Den første staden du kan sjå, er Administrativ ordliste hos Språkrådet. Denne kan du òg bestille i trykt form.

Eit anna tips er ordnett.no frå Kunnskapsforlaget. Der søker du i fleire norske ordlister samtidig, blant anna ei bokmålsordliste med omsetting til nynorsk.

Ordlistene på Ordnett er større og meir dekkande enn ordbok.uib.no, sjølv om den òg er god (og dessutan gratis). Mange godkjente nynorskord er ikkje å finne i UiB-ordlista, men står på Ordnett, for eksempel hukommelse og viktigheit.

Språkrådet har ei utfyllande liste over ord dei har godkjent på nynorsk. Språkrådet har òg oversikt over andre terminologilister, og fleire av dei finst på nynorsk:

Kva når ordet ikkje finst i ei ordliste?

Kva gjer du når du skal omsetta eit bokmålsord, men ikkje finn det i noka form i noka nynorsk ordliste? Mange blir da redde for at det betyr at dette heilt vanlege ordet heiter noko sprøtt og ukjent på nynorsk. Det gjer det som regel ikkje. Ofte kan du omsetta ordet til nynorsk sjølv. Så lenge det følger vanlege reglar for orddanning på norsk og passar i det nynorske formverket.

Eg får mange spørsmål av typen «Kva heiter [heilt vanleg ord] på nynorsk? Eg finn det ikkje i ordlista». Men det er ikkje slik at du ikkje kan bruke eit ord før det står i ordlista. Mange ord, særleg samansette ord, finn aldri vegen til ordlistene, men er likevel heilt i orden å bruke.

Og til sist: «Anmodningsvedtak», «egnethetsvurdering» og «kjennelse» heiter på nynorsk «oppmodingsvedtak», «eigenskapsvurdering» og «orskurd»!