Skip to main content

Seks vanlege nynorskrusk

Vi i Totaltekst jobbar mykje med å korrekturlese og språkvaske nynorsktekstar, og vi har etter kvart lagt merke til nokre gjengangarar hos skribentar som ikkje er så trente i å skrive nynorsk. Nokre av gjengangarane må reknast som direkte feil, andre er kanskje litt meir akseptable, men alle kan likevel klø i auget på språkkunnige lesarar. Derfor har vi laga ei liste med seks døme på rusk som vi ofte må rette i nynorsktekstar. Ta gjerne ein kikk på lista og lagre ho i bakhovudet – så kan du gjere inntrykk på språkvaskaren neste gong du sender frå deg ein tekst på nynorsk.
Her er lista:
  1. Konjunksjonen samt finst ikkje på nynorsk. Dette ordet betyr og dessutan og blir ofte brukt unødvendig mykje på bokmål. Er du bokmålsbrukar og får lyst til å skrive samt, så vurder om du ikkje like greitt kan skrive og. På den andre sida kan samt / og dessutan vere nyttig nokre få gonger. Dersom du til dømes har ei oppramsing der fleire av ledda har og i seg, kan samt / og dessutan vise kvar grensa mellom ledda går. Samt / og dessutan kan òg høve når det som kjem til slutt i ei oppramsing, står litt fjernt frå resten av oppramsinga i form eller innhald. Men hugs: Når du skriv nynorsk, skal du iallfall ikkje bruke samt. Skriv heller og – eller og dessutan om det trengst.
  2. Tradisjonelt har det ikkje blitt rekna som god nynorsk å bruke ordet skuldast i tydinga kome av. Setningar som ulykka skuldast glatte vegar er greie nok, men vi bør helst bruke uttrykket kome av: Ulykka kjem av glatte vegar.
  3. Dialektordet kordan kan ikkje brukast på nynorsk. Når vi skriv, må det heite korleis. (Det finst andre og mindre kjende alternativ, som koss, men altså ikkje kordan.)
  4. Det heiter ikkje *framst, *meist eller *fleist. Fremst, mest og flest er like mykje nynorsk som bokmål.
  5. Når eigedomspronomen står føre substantivet, kan det verke ganske stivt og gamaldags på bokmål òg, men på nynorsk er det enda verre. Uttrykk som våre verdiar, mine verv eller hennar mandat er ekstra papirknitrande i ein nynorsktekst. På nynorsk set vi eigedomspronomen føre substantivet når pronomenet skal ha trykk: Det er mi bok! Ikkje di! Dessutan har vi nokre faste uttrykk som dra sin kos, ende sine dagar og gå sine eigne vegar.
  6. Så har vi s-genitiven, altså det at vi slengjer ein s på eigaren for å uttrykkje eigeforholdet, til dømes Mortens bok. S-genitiven finst på nynorsk òg (du har kanskje høyrt om Noregs Mållag), men han skal brukast med varsemd. Det er kurant å bruke s-genitiv ved eigennamn, til dømes Noreg, Terje og Stortinget: Noregs Bank, Terjes bok, Stortingets kontrollkomité. Merk likevel at når eigennamnet er eit personnamn og ikkje eit lands- eller institusjonsnamn, høver det som regel betre å skrive om til eit preposisjonsuttrykk: boka til Terje. Eit uttrykk som regjeringas politikk kling ikkje så godt. Sin-genitiv, altså regjeringa sin politikk, er litt betre, men ikkje overdriv bruken av sin-genitiv heller. Det beste er å bruke eit preposisjonsuttrykk her òg, politikken til regjeringa, eller skrive heilt om, til dømes den politikken som regjeringa fører.

Det var seks handplukka døme på rusk som vi ofte ser når vi korrekturles eller språkvaskar nynorsktekstar. Dersom du ønskjer å bli enda betre i nynorsk, kan vi tipse deg om boka Nynorsk for dumskallar av Kristin Fridtun eller Nynorsk øvingsrom på nettstaden til Språkrådet. Dessutan har vi eit par eldre blogginnlegg om same tema i roteskuffen vår, her og her.

Vil du ha språktips fra oss? Meld deg på nyhetsbrevet!