Vi søkjer drivande dyktig språkkonsulent

Publisert: 4. november 2020
Type stilling: fast, 100 %

Oppdatering 1. desember 2020:
Vi har tilsett éin språkkonsulent, men tek framleis imot søknader.

Vi søkjer etter endå ein drivande dyktig språkkonsulent som er samvitsfull, strukturert, sjølvstendig og ein kløppar i nynorsk.

Du irriterer deg over flatt og dårleg språk og gler deg til å kunne bruke arbeidsdagen din på å språkvaske, lese korrektur og gjere tekstar klarare og lettare å forstå. Har du leita etter ein måte å bidra i kampen mot særskrivingsfeil og forholdismar på, har vi sannsynlegvis noko å snakke om.

Om stillinga

Arbeidsoppgåvene består i å språkvaske og korrekturlese tekstar og gi kundane våre råd i språkspørsmål. Det er òg ein fordel om du kan halde kurs og foredrag om klarspråk. Arbeid med tekstar på nynorsk vil vere ein vesentleg del av oppgåvene dine.

Om Totaltekst

Totaltekst er, som namnet vårt ymtar om, ei bedrift som lever av tekst. Vi skriv, omset, språkvaskar og korrekturles tekstar i alle former og format, og vi set vår ære i at tekstane til kundane våre skal ha eit godt og korrekt språk. I tillegg held vi kurs i klarspråk for offentlege og private verksemder.

Totaltekst er ei relativt lita bedrift, men vi har hatt ein imponerande vekst dei siste åra, om vi får lov til å skryte av oss sjølve. Dette krev at dei som arbeider her, er fleksible og har stor arbeidslyst og -kapasitet. Vi snakkar ikkje om umenneskelege krav, men ei relativt lita bedrift i vekst er no eingong ei relativt lita bedrift i vekst, og alle må dra lasset saman. Til gjengjeld kan vi love gode moglegheiter for fagleg påverknad og utvikling, utfordrande arbeidsoppgåver og særs hyggelege kollegaer.

Du må ha

  • høgare utdanning, helst innanfor språkfag
  • relevant erfaring med språkvask og korrektur av tekstar
  • solid nynorskkompetanse
  • auge for detaljar
  • god IT-kompetanse

Det er ein fordel om du

  • har bestått Språkrådets kompetanseprøve i nynorsk og/eller bokmål
  • har erfaring med omsetjing
  • har undervisningserfaring eller erfaring med å halde kurs og foredrag

Arbeidsoppgåvene dine vil bestå av

  • språkvask og korrektur av ulike tekstar – frå stortingsmeldingar til lærebøker
  • omsetjing til nynorsk
  • klarspråksarbeid
  • transkripsjon
  • eventuelle andre ting du er god på

Oppstart

Vi ønskjer at du begynner hos oss så fort som mogleg, men vi forstår at du truleg har ei oppseiingstid i den jobben du har no. Vi vil vurdere søknader fortløpande.

Praktisk informasjon

Har du spørsmål om stillinga, kan du sende ein e-post til dagleg leiar Bjørnar Øverland på Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den..

Arbeidsstaden er i bygget ved sida av rådhuset i Oslo sentrum, i Hieronymus Heyerdahls gate 1.

Slik søkjer du

For å søkje på stillinga bruker du søknadsskjemaet du finn til høgre. Hugs å ha CV-en din tilgjengeleg før du begynner å fylle ut søknaden.