Referanse

Klarspråk i fylkeskommunen

Møre og Romsdal fylkeskommune har jobba systematisk med klarspråk sidan 2016. Dei har mellom anna laga sin eigen språkprofil som skal sikre at tekstane deira er lesarvennlege, og at økonomiplanar, årsrapportar og andre dokument har ei felles språkform. Kurs og opplæring er òg ein viktig del av klarspråkssatsinga, og vi blei glade då dei spurde oss om hjelp til å følgje opp klarspråksarbeidet.

Spesialopplegg på nynorsk

På vårparten bestilte dei klarspråkkurs frå Totaltekst – på nynorsk. Det er nemleg nynorsk som er administrasjonsspråket i Møre og Romsdal fylkeskommune. Klarspråksprinsippa er dei same uavhengig av språk og målform, men vi har likevel eit kursopplegg som er spesielt tilpassa nynorskbrukarar.

Først lære gjennom eksempel

På kurset fekk dei først ei innføring i generelle klarspråksprinsipp. Vi viste eksempel på feller mange går i, og gav deltakarane tips til å unngå desse fellene. Heile vegen utfordra vi dei til å vere med og tenkje ut løysingar på dei språklege problema vi tok opp, noko som vekte engasjement og diskusjon blant deltakarane. Det mangla verken på forslag eller spørsmål frå salen, og å bli kjent med teorien gjennom eksempel var tydelegvis noko denne gjengen likte godt. Det vitnar òg tilbakemeldingane etter kurset om.

Deretter prøve sjølv

Deretter var det tid for å prøve ut lærdommen i praksis. Deltakarane gjekk saman i grupper og jobba seg gjennom utvalde tekstar som dei hadde sendt oss på førehand. Oppgåva var å gjere tekstane meir lesarvennlege ved hjelp av klarspråkstipsa dei hadde fått tidlegare på dagen. Ikkje berre enkelt, syntest nok somme, men dei fleste heiv seg over arbeidet med liv og lyst og kom med imponerande mange forslag til gode løysingar.

Til slutt gjekk vi gjennom forslaga frå gruppene i fellesskap og diskuterte oss fram til endelege løysingar. Det vi ikkje rakk å bli ferdige med der og då, gjorde vi i Totaltekst ferdige seinare, slik at deltakarane fekk eit heilt konkret resultat frå kurset: nye tekstar med eit klarare språk.
«Vi er svært fornøgd med å bruke Totaltekst. Kurshaldar Hilde Strømsnes klarte å forklare klarspråkprinsippa på ein god måte, og ho skapte engasjement blant deltakarane. Vi trur at kurset har ført til at vi har vorte meir bevisste når vi skriv tekstar på vegner av fylkeskommunen.»
Ingvild Dverseth Sæter, kommunikasjonsrådgivar i Møre og Romsdal fylkeskommune

Gode tilbakemeldingar

Vil du vite mer om dette prosjektet eller hvordan vi kan bistå deg?