Publisert 24. september 2021

Drivande dyktig språkkonsulent

Vi søkjer etter ein drivande dyktig språkkonsulent som er samvitsfull, strukturert, sjølvstendig og ein kløppar i nynorsk.
Du er glad i godt og korrekt språk, og du gler deg til å kunne bruke arbeidsdagen din på å språkvaske, lese korrektur og gjere tekstar klarare og lettare å forstå. Har du leita etter ein måte å bidra i kampen mot særskrivingsfeil og forholdismar på, har vi sannsynlegvis noko å snakke om.

Om stillinga

Arbeidsoppgåvene består i å språkvaske og korrekturlese tekstar på både bokmål og nynorsk, å omsetje frå bokmål til nynorsk og å gi kundane våre råd i språkspørsmål. Arbeid med tekstar på nynorsk vil vere ein vesentleg del av oppgåvene dine.

Om Totaltekst

Totaltekst er, som namnet vårt ymtar om, ei bedrift som lever av tekst. Vi skriv, omset, språkvaskar og korrekturles tekstar i alle former og format, og vi set vår ære i at tekstane til kundane våre skal ha eit godt og korrekt språk. I tillegg held vi kurs i klarspråk for offentlege og private verksemder.

Vi tilbyr

  • konkurransedyktig løn
  • varierte arbeidsoppgåver
  • fagleg utvikling
  • særs hyggelege og fagleg dyktige kollegaer
  • full fleksibilitet
  • felles løpetrening ein gong i veka

Du må ha

  • høgare utdanning, helst innanfor språkfag
  • relevant erfaring med språkvask og korrektur av tekstar
  • solid nynorskkompetanse
  • auge for detaljar
  • god IT-kompetanse

Det er ein fordel om du

  • har bestått Språkrådets kompetanseprøve i nynorsk og/eller bokmål
  • har erfaring med omsetjing

Arbeidsoppgåvene dine vil bestå av

  • språkvask og korrektur av ulike tekstar – frå stortingsmeldingar til lærebøker
  • omsetjing til nynorsk
  • klarspråksarbeid
  • eventuelle andre ting du er god på

Oppstart

Vi ønskjer at du begynner så fort som mogleg, men vi forstår sjølvsagt dersom du har ei oppseiingstid i den jobben du har no. Vi vil vurdere søknader fortløpande.

Praktisk informasjon

Har du spørsmål om stillinga, kan du sende ein e-post til Ellen Jahren på Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den..
Kontorlokala våre ligg i bygget ved sida av rådhuset i Oslo sentrum, i Hieronymus Heyerdahls gate 1.
Bruk lenka under for å gå til søknadsskjemaet. Hugs å ha CV-en din klar før du begynner å fylle ut søknaden.
Dei kandidatane vi meiner er kvalifiserte, vil få ein prøvetekst på ca. 450 ord som dei skal omsetje til nynorsk.

Søknadsskjema

Vil du ha språktips fra oss? Meld deg på nyhetsbrevet!