Skip to main content

Finn fram i ordbøkene

Fasiten på det meste står i Bokmålsordboka og Nynorskordboka – men greier du å finne fram i dei? La oss lære deg tre hendige knep som vil gjere deg til ein vidarekomen ordbokorm.
Det er ikkje nokon heksekunst å slå opp i ei ordbok, særleg ikkje når du kjenner stavemåten frå før. I ei papirutgåve, der orda er ramsa opp alfabetisk, kan du ofte finne fram sjølv når du er usikker. Men er det ikkje gjerne slik at du treng ordboka aller mest når du er usikker på stavemåten – og langt unna ei velutstyrt bokhylle? Då er det praktisk å vite korleis du finn fram på ordbøkene.no.

Knep nummer 1: Bruk eit blankt teikn når du er usikker på ein bokstav

Heiter det privelegium eller previlegium? Dødlinje eller dørlinje? Og kva er eigentleg forskjellen på ein fartsskrivar og ein ferdsskrivar? Bruk _-teiknet i staden for dei enkeltbokstavane du er usikker på, så kjem ordbøkene med svaret:
  • Eit søk på «pr_v_legium» vil vise at rett stavemåte er privilegium.
  • Eit søk på «f_r_sskriver» vil vise at ein fartsskrivar høyrer til i eit køyretøy, medan ein ferdsskrivar høyrer til i eit fly.
  • Eit søk på «dø_linje» vil vise at det heiter dødlinje – og dermed at dørlinje må vere ei mistolking.

Knep nummer 2: Søk med ukjend mengde blanke teikn når du er ekstra usikker på stavemåten

Nokre gonger knyter uvissa seg til meir enn berre enkeltbokstavar. Skal for eksempel eit samansett ord skrivast med eller utan fuge-s? I slike tilfelle hjelper det lite med eitt blankt teikn, for det blanke teiknet vil berre gje treff dersom den usikre bokstaven faktisk skal vere der. Då kan du heller bruke %-teiknet, som representerer ei ukjend mengde blanke teikn:

  • Eit søk på «nød%signal» vil vise at rett stavemåte er nødsignal (utan fuge-s).
  • Eit søk på «nød%situasjon» vil vise at rett stavemåte er nødssituasjon (med fuge-s).
Den same metoden kjem til nytte når du er usikker på stavemåten i større delar av ordet. Kva med erlendmeyerkolbe, for eksempel, er det riktig? Kanskje det i staden heiter Erlend Meyer-kolbe eller erlenmeyerkolbe? Fasiten får du ved å søkje på «erl%kolbe».

Knep nummer 3: Søk etter fleire ord på ein gong

Ordbøkene finst ikkje berre for å sjekke stavemåtar, dei er like nyttige som oppslagsverk når du lurer på kva eit ord betyr. Og når du lurer på kva fleire ord betyr, for eksempel fordi du vil vite forskjellen mellom dei, kan du bruke |-teiknet til å søkje etter fleire ord på ein gong. Vi rundar av dette tredje og siste knepet med nokre eksempel:

  • virvel|kvervel
  • båe|både
  • samansetjing|samansetning

Vil du ha språktips fra oss? Meld deg på nyhetsbrevet!